– Spørsmåla er ikkje til «bebreidelse», men til ønske om økonomisk «besparelse», skriv Fredrik U. Litleskare, i e-post til ordførar Gaute Straume Epland. Politikar Litleskare (H) ventar svar i kommunestyremøtet komande torsdag. Emnet han tek opp, er eit «fenomen» som engasjerer mange. Nemleg flaumlys, også i led-versjon, som lyser både på dagtid og kveld og natt, utanom treningstider på diverse idrettsbanar i kommunen.
– Straum kostar etter kvart ein god del, noko me som politikarar tydeleg kan lesa i rekneskapane kommuneforvaltinga legg fram, skriv Litleskare vidare.
Det blir stilt to konkrete spørsmål:
1.Finnest det på marknaden i dag utstyr som kan monterast og som tek omsyn til lyssetting og som følgjer eventuelt årstidene? Med andre ord sensor som mange har på eigne utelys?
2. Vil ordførar ta initiativ overfor tekniske tenester om å få slikt oppdatert utstyr?