Bru her skal knyta Huglo til fastlandet

Med bru over Laukhammarsundet blir Huglo (t.h) landfast. (Foto: Steinar Hystad)

– Det er 11 år sidan forprosjektet for fastlandssambandet  mellom Huglo og Tysnes/Skorpo vart ferdigstilt, så no bør det vera på tide å få detaljreguleringsplanen på  plass. Kostnaden er stipulert til 3-4 millionar kroner. Etter kva me erfarer er Tysnes kommunen positiv til å delta økonomisk.

Huglo bygdalag skriv slik i i brev til ordførar, rådmann og leiarane i dei politiske parti i Stord, som snart skal vedta revidert budsjett for inneverande år.  I skrivet blir det understreka at den aller viktigaste oppgåva for  bygdalag er å få fastlandssambandet  mellom  Huglo og Tysnes realisert.

I forprosjektet, signert i 2012, er både traseval på Skorpo og Huglo og   brua over Laukhammarsundet teikna inn på  kartet.

Bygdalaget avsluttar brevet til folkevalde og kommuneleiing med eige forslag til vedtak i kommunestyret. Det går slik:

  1. Stord kommune går snarast i dialog med Tysnes kommune og fylkeskommunen for å klarleggja detaljreguleringsplan for sambandet Huglo-Tysnes
  2. Stord kommune og Tysnes kommune avklarar kostnadsfordelinga med planen.
  3. Stord kommune har som mål å starta opp arbeidet med detaljreguleringsplanen året 2023.