Har planta seg sjølve

Denne konsentrasjonen gyvel står ved busstoppen i Engevik (Foto: Steinar Hystad)

Nord på Grov, på Agdestein, ved Jektavik, på Eide og på Raunholm – og ikkje minst ved buss-stoppen  i Engevik. Dette er nokre av stadene langs europaveg 39 over Stord, gyvelbuskar  fulle av gule blomar i desse dagar helsar vegfarande.  Så jamt spreidd på strekningen at ein kunne lura på om gyvlane er pyntevekstar sett i jorda i regi av vegvesenet.

–  Nei det er dei ikkje, gyvel er ikkje ei plante me har på listene våre, svarar byggjeleiar  Rolf Svendson, i eininga som tek seg av drift og vedlikehald av E39. 

Då er det igjen å ty til google, der me får opplyst gyvel er ei innført hageplante til Noreg, som med tid har stukke av frå inngjerda område og slått seg ned langs vegane – som villblomst.

Ei forklaring kan vera at frø av gyvel er blitt med på lasset i samband flytting/tilføring av jordmassar.

Gyvelkonsentrasjon nord på Grov. (Foto: Steinar Hystad)