Minnest du «Gamla Meieriet»?

Rivearbeidet tok til 2. april 1981 (Foto: Tor Resser)

Siste femti åra er det nok på  sjøsida av nedre Borggata dei største bygningsmessige endringane har vore i bydelen Leirvik.  Men det har då skjedd ein del på «innsida» også.  Sjå berre på ovanståande bilete, teke 2. april 1981, då arbeidet med riving av  «gamla meieriet» på Torget starta. To kraftige tau (wire?) vart festa i bjelkar i andrehøgda,  så vart tredelen av bygget drege ned.

Etter at mottaket av mjølk vart flytta til nytt meieri  nedst i Vikabrekko,(Meierikvareret i dag) dreiv Samvirkelaget butikk i lokala på Torget og seinare Vaagens Blomster. På tomten reiste Sparebanken nytt flott forretningsbygg, det står fast framleis – men med mykje nytt innhald.