– Kva rådevelde har Stord til å gjenreisa Hystad-øyane som hekkestad og badeplass?
Geir Angeltveit (V) stiller eit godt grunngjeve, og for mange ibuarar rundt Vikafle, eit veldig interessant spørsmål i komande kommunestyremøte. Det gjeld øyane i innseglinga til byen, som siste åra er blitt særs skogkledde,
– I gamle dagar var Hystadøyane attraktive hekkestader for sjøfugl, samt baud på badeplasser som mål for båttruen.. Hystadøyane har mange grunneigarar med ulike tankar og idear, mellom anna Stord kommune. Gjennom karttenasta Norgeibilder.no kan ein sjå utviklinga i vegetasjon på øyane så langt tilbake som 1969. Og i maleriet »Kirkefolk’, som heng i kommunestyresalen, ser ei også øyane skildra uten tre slik det var i 1890.
Angeltveit minner vidare om at levekåra for sjøfugl har vorte dramatisk vanskelegare dei siste åra. Gjengroing, plastsøppel og matmangel er store utfordringar for bestandane. Fuglar me tidlegare såg i store flokker, er nærmast ikkje å sjå lenger.
– Eg oppmodar kommunen om å gå i dialog med dei øvrige grunneigarane på mogelegheita for hogst og delvis rydding av Hystadøyane. Spørsmål til ordførar blir
: Kva handlingsrom har kommunen til å ta eit slikt miljø-initiativ?