Krev produksjonskjøken på ny sjukeheim

Knutsaåsen Omsorgssenter

Stord Eldreråd har ved fleire høve hevda at det hadde smakt best med kortreist middag på  sjukeheimar og omsorgssenter i kommunen. Når rådet på møtet sist veke hadde føre saka «Forstudie nye sjukeheimsplassar»,  nytta ein høvet til å senda frå seg eit særskilt krav til ny sjukeheim, som er vedteken bygt i Knutsaåsen.  Dagen saka kjem til kommunestyret,  oppmodar eldrerådet dei folkevalde til å gjera slikt vedtak:

1. Kommunestyret godkjenner forstudierapport om nye sjukeheimsplassar og vedtek å gå vidare til forprosjekt.

2. Kommunestyret løyver 5,5 mill. kr til forprosjektet.

3. Eldrerådet krev at det vert bygd nytt produksjonskjøkken i samband med ny sjukeheim.

4. Rådmannen får i oppdrag å greia ut og vurdera fleire ulike tiltak, mellom anna bruk av dobbeltrom på korttidsplassar. Dette for å avhjelpa situasjonen med press på institusjonsplassar.