Dette må me få meir av i Parken

Idyllisk, godt musikk og song, og varmt i Parken søndag ettermiddag (Foto: Steinar Hystad)

Parken med tribunen og nye benker og eit elles naturleg amfi , er ein for god og flott arena til å bli brukt 17. mai og ein gong til i løpet av året.

Den tillyste allsongen i Parken søndag vart  på alle måtar så vellukka at det må spora tilskiparen til  i alle fall ei, gjerne to, slike samlingar  til før  det igjen stundar til haust. Venelaget for Parken var arrangør, og  leiar Reidar Lunde vart takksam i røysta når han helsa  godt 200 velkomen til allsong i beste tidlegsommartemperatur som tenkjast kan.

Øystein Olsen tok over mikrofonen og leia programmet og allsongen vidare. Eige hefte (med stor og god skrift) var prenta opp i høve dagen.

Kjemperespons for Klangboltane si framføring av Salhuskvintetten sin «palesong». (Foto: Steinar Hystad)

Tribuneorkesteret sytte for rette tonefølgjet: Svein Losnegård, Kjell Aasheim, Nils Abrahamsen og Lorentz Kannelønning – og Endre Olsen. Han var også på gjesteartistlista, saman med Hanne Eldøy Isdal, Ragnhild Kambo, Nils Horn  og Klangboltane.  Humøfylte og særs godt røysteføre alle i hop.  Nett som oss på benkene, om me skal tru konferansieren. Og det skal me.

Den vakre «Dråpa til Storden» (mel: Flicka från Backafall) med tekst av Einar Nilsen, avrunda ein kjekk ettermiddag i Parken.