No er det gildt å sjå Gildeskålsbakken

Fint rydda Gildeskålsbakke møter no turfolket langs Frugardselva. (Foto: Steinar Hystad)

Tidlegare utsende klagar på tilstaden på Gildeskålsbakken ved Frugardselva, blir med dette trekte attende. Der  informasjonsskiltet lenge var det einaste som fortalde kva som har vore på staden, er no bakken rydda og ein kan sjå konturar av  grunnmuren til bygget som ein gong stod der.  Eit tiltak stordront.no gladeleg skriv inn i plussmargen.

Gildeskåla som har gitt staden og bakken tilnamnet, var ikkje ein stad for gilde med mat og drykk og den slags.  Det var meir ei samling av sosial karakter, kor ein drøfta kva som skulle til for å gjera heimstaden vår til ein betre stad å bu – for alle.