Difor kvit bjørk på Litlabø

Kvite bjørkestammer i allèen på Litlabø

Ein særmerkt bjørkeallè pyntar opp langs  fylkesvegen over Vaskeriplanet  på Litlabø. Det spesielle er at stammene er kvite, noko som er meir vanleg til fjells enn i låglandet.  Tipsaren i saka, meiner grunnen er at bjørkene har ope lende mellom seg og på det viset får meir «frisk luft».  Bjørk i meir tettvaksen skog får oftast ein mørkare neverfarge og bli gjerne mosegrodd i tillegg.  Nyt synet neste gong du  passerer.