Med offisiell reopning av Ådlandstova torsdag, har Sunnhordland Museum i fått eit unikt fest- og møte-lokale å by på i tunet på toppen av Leirvik. Stova har vore i museet si eiga sidan flyttinga frå garden Ådland i 1934. Alt i 1873 vart bygningen med uvisst «fødeår» sikra for ålmenta, takk vera milde pengegåver frå lokale kjøpmenn.
Både 1400 og 1500-talet er nemnde som byggjeår, endeleg svar på gåta vonar ein å få etter kjerneboring i dei solide stokkane som held veggene oppe. Fem år har museet og prosjektleiar Bjørn Arve Lunde jobba for «modernisering» av Ådlandsstova. Det er mange godkjenningar som skal på plass når ting skal gjerast med freda bygg. Men om det har teke tid, er resultatet blitt både godt og flott.
Der det før var jordgolv, er det kome pilbygt tregolv, med trenaglar, nye benker er komne, og det er på plass solid åra som varmekjelde. Arne Aadland har stått for tømringa, Sigurd Tyse har murt eldstaden, begge fekk sin velfortente omtale og blomeheider opningskvelden. Det same med Dagfinn Tvedte som har snikra utvendes på det eldste bygget Stord har å visa fram.
Det var fullsett på alle benker kring langborda når Johanne Øvstebø Tvedten framførte gamalt segn frå Ådland og Stordafjellet, og Lunde kåserte hjarteleg om det unike huset. Som no går inn i ein ny «vår» som reint og godt festlokale.