Det lyddest gladsong til gitar-komp i herleg sommarsol kring gapahuken i Stuvikjo i lunsjtid torsdag. I tillegg vart det servert herleg fløytekake med marsipan og gode takkens ord til dei som annankvar torsdag våren gjennom at sytt for heit bålpannekaffi til dei gåande. Dei som vil halda seg «Aktive til 100» med deltaking i Turlaget sitt tilbod om fellestur i roleg og rimeleg flat gange. Godt 40 personar var samla, og no blir det pause til sommaren går over haust.
Dei aktive til 100 i Sagvåg bydel hadde si avslutting til gapahuken ved Hustrudalsvatnet måndag, medan Skjephaugen blir mål for «Aktiv til 100» siste gong før ferien komande torsdag.
God tur.