– På jamnen heldt med 32 knops fart, og det gjekk greitt. Ein julaftan med blikkstille sjø ville me snarast heim frå Stavanger og prøvde han ei tid i 37 knop, det var max fart, men då måtte me vera særs varsame i svingane. Det var gildt å sjå gamle arbeidplassen min att, eg har fått god tru på at «Ekspressen» atter kjem opp på foilane.
Åra frå 1982 til 1986 var Oskar Galta (84) mannskap på hydrofoilbåten i ruta mellom Sauda og Stavanger. Onsdag var han saman med kollegaer på årleg tur for pensjonistar i Stavangerske D/S, med lengre stopp hjå Oma Slipp for å bli orienterte om restaureringsarbeidet på «Ekspressen». Oddvar Oma viste rundt og gjestene sette pris på å få data om det som er gjort og kva som står for tur. Og ikkje minst det som blei sagt om at det kunne bli ferdigstilling og sjøsetting, på foilar, om eit par års tid.