«BUA – er ein ideell organisasjon som står for Barn–Unge -Aktivitet. Føremålet er å gjera det enklare for fleire å vera fysisk aktive utan auka forbruk». Dette skjer ved at born og unge kan låna utstyr til så ymse aktivitetar utan kostnad. Første BUA i Stord vart etablert i Hamnegata for nokre år sidan, med rikt utval i sportsutstyr og har blitt godt motteke. Fredag denne veka opnar ein digital versjon av BUA i Gropo, aktivitetsparken ved/bak Kulturhuset. Digital i den tyding at den som vil låna til dømes rullebrett eller sparkesykkel ordnar seg sjølve – kva tid ein vil.
– Alt du treng gjera, er å oppretta ein låneprofil hos BUA, og lasta ned to appar. Ver obs på at du må ha norsk mobilnummer og QR-skanner i kameraet, blir det forklart på eit oppslag ved inngangsdøra.
Det blir høve til å prøva utover fredagen – den offisielle opning er tidsett til 1800.