Både pussig og gøyalt samantreff i Langenuen her om dagen, der trafikken av lastebåtar av ymse storleik og utsjånad stadig er i fart nord og sør. Båtane på biletet var komne rett forbi Rommetveit då båten med styrehus forut tok att båten framom. den hadde styrehuset akter og gjekk noko saktare enn hin. Augneblinken då dei to styrehusa var vis a vis kvarandre, dukka motivet du ser over desse liner opp i Nuen. Greitt då å ha ein kvikk mobil for handa…