For oss mange bæretarar vart det her om dagen sendt ut ei gladmelding om at det teiknar til å bli ein knallsesong for norske jordbær.
I tillegg til utsikt til superavling, kjem at det blir plukking lang utover hausten, gjerne like til oktober. Helst kald vår, skal såleis har vore ein bærfordel.
I vår eigen skog, lokalt på våre eigne øyar, talar millionar av mørkeraude blåbærblomar for at det ligg ann særs god avling. Irrande grøn lyng ser ut til å vera i storform i år. Berre å gleda seg.