Blir ståande på Heio ei stund til

Sekkene med «murestein» er lagra på Øvra Heio. (Foto: Steinar Hystad)

Ved parkeringsplassen på Øvra Heio er det lagra ein del sekker med  store og flate natursteinar, og spørsmålet har meldt seg kva funksjon desse er tiltenkt.  Er det snakk om fleire trin på Sherpatrappa i Fossabrekko eller er det andre prosjekt? Steinen vart levert i slutten av april.

– Etter det stordront.no får opplyst er dette materiell som er tenkt brukt til ny trapp mellom  turisthytta og utedoen på Stovegolvet, til byte med den mindre gode tretrappa som står der no.  I påvente  av å få alle formalia på plass i saka, må steinane venta på helikopterfrakt til tidleghausten.