Stord i leiing, men måtte gi tapt for FKH

Jubel på stadion då Handeland gav Stord 1-0 leiing like før pause. FK Haugesund slo tilbake i 2. omgang og vann kampen 1-3. (Foto: Steinar Hystad)

Ellevill jubel blandt 1500 tilskodarar på stadion i torsdag kveld då Håvard Handeland gav Stord 1-0 leiing mot FK Haugesund like før pause i 2. runde kampen i årets NM. Stord leverte ein god første omgang og hadde ein ball til i nota, men dommaren dømde frispark til gjestene i trekket før. Dermed gjekk heimelaget til pause med 1-0.

Det tok ikkje lang tid før laget frå Sildabyen var ajour. Berre 5 minuttar ut i 2. omgang var innbyttar Bilal Nije frampå og utlikna. Kvarteret seinare var han igjen på farten og gav FKH 1-2 leiing. Nije gav seg ikkje før han knappe 10 minuttar før slutt fullførte sitt hat-trick og fastsette sluttresultatet til 1-3.

Ingen Ullevåll-tur på Stord i år, med andre ord.