Korkje Geir Angelteit (V) eller dei som måtte føla trong for «å letta» seg ved besøk på Vikjo i dag og komande tider, kan seia seg nøgde med svara på toalettspørsmåla politikaren stilte i Utval for oppvekst og kultur tysdag. Angeltveit viste til tidlegare drøftingar med drosjenæring for å finna ei løysing på manglande off. toalett i sentrum. Han minna også om at det hadde vore drøftingar på gang om innkjøp av «automatiske toalett», og spurde:
– Korleis enda samtalane med taxiane?,
Kommuneadministrasjonen svarte:
– Me hadde samtalar med drosjenæringa, men det var ikkje aktuelt for dei å ha offentlege toalett i sine lokale.
Lokala ved Grand hotell vart selde til Indremisjonssamskipnaden som eigde deler av lokala.
– Fekk ein vurdert innkjøp av heilautomatiske offentleg toalett?, spurde Angeltveit vidare.
– Det er i «byromstrategien» planlagt å byggja offentlege toalett i det nye bryggeriet på torget. Kva type toalett det blir (heilautomatiske, eller vanlege) er ikkje vurdert enno, men dersom det skal byggjast toalett, må det løyvast ekstra midlar til drift av desse.
Det stundar til folkefest i sentrum (neste helg)-
– Kan kommunen mogeleg ha (i det aller minste) tilgjengeleg nokre festivaltoalett til å setta ut i helger/særskilde arrangement?, undrast Angeltveit i sitt avsluttande spørsmål.
Svaret var kort og greitt:
– Kommunen har ikkje midlar til å investera i festivaltoalett.