Har du ein liten sjørøvar i familien? No blir det skattejakt i sentrum for små piratar, melder Stord kommune på sine heimesider. Hent skattekart på kulturhuset eller i rådhuset og finn bokstavkodane som viser vegen …
Les meirMåned: mai 2023
Ordføraren vil har Fitjar-stopp for snøggbåten
Skyss og Vestland fylkeskommune har bede kommunane koma med innspel til arbeidet med å peika ut hovudlinene i kollektivnettet i fylket. Ordførar Harald Rydland i Fitjar nyttar igjen høvet til å be om at også …
Les meirNaturfotograf hos pensjonistlaget
Kvinnheringen Sigve Solheim har tatt eineståande bilete av ville fuglar og dyr. For dette er han m.a. blitt premiert fleire gonger i Norsk Selskap For Fotografi. I fjor hadde han ei vellukka fotoutstilling saman med …
Les meirGløymde, eller ?
I samband med maratonen med start og mål i Borggata tidlegare i månaden, vart det sett ut nokre kraftige betongblokker som «anker» for eitkvart. Nokre veker etter at alle deltakarane kom vel i mål etter …
Les meirKyrkjeval og kommuneval same dag
Måndag 11. september skal det veljast mannskap til kommunestyra og fylkestinga i landet vårt. Same dag skal det veljast medlemer til sokneråda og det kyrkjelege fellesrådet. Kyrkjeval, som det heiter. I valreglane (Lovdata § 10-1) …
Les meirMogleg å laga fortau her?
Oppsitjar i Kringsjå som ofte vel å gå til Leirvik sentrum, fortel at deler av ein elles grei tur er blitt noko meir kviasam siste åra. Og det på grunn av tilhøva på ein 10-20 …
Les meirDelte ut 350 000 til lag og organisasjonar
Utval for oppvekst og kultur har no, etter kommunestyrevedtak frå i fjor, delt ut 350 000 i driftsmidlar til lag og organisasjonar som driv innan kultursektoren i Stord kommune. Midlane er lyst ut to gonger …
Les meirBoniterer for ny snøggbåtkai
I planane for det nye hotellet som skal byggjast på Nattrutekaien, er det innbakt ny kai for snøggbåtane. Den kjem «utpå» gamlekaien, stikk 22 meter ut i hamnebassenget, og strekkjer seg fem meter lenger aust …
Les meirBlomepynta ferjekai
Når det stundar til sommartid og kanskje varme dagar, blir det pynta med fargerike vekstar i blomekassane på ferjekaien på Nordhuglo. Bak det oppkvikkande og rosverdige tiltaket står aktive medlemer i Huglo bygdekvinnelag. Blomane gjev ei fin …
Les meirFlaggpynta ny bru tok imot
Takk vera ihuga turdugnadsfolk, slapp dei som gjekk eller jogga toppturen søndag å måtta hoppa frå utrygg stein til stein for å koma tørrskodde over sumpområdet nedfor Tårnet og Stovegolvet. Ei ny gangbru tok imot, i …
Les meir