I kommentarane til første tertialrekneskap 2023, drøftar rådmannen i Stord kva som kan bli det mest lønsame på telefoni- og datafronten framover. Stordront.no siterer:
«- Telefon og datakommunikasjon vart for budsjettåret 2022 overskride med 60,49%, og ein ligg an til det same for 2023. Dette skuldas auka utgifter på telefoni og datasamband. Auke i tal samband, teljarsteg og linjeleige, samt internett-tilknyting. I denne posten ligg også vedlikehald og supportavtale av kommunen sin telefonsentral. Ein ser utsikter til å kunne redusere denne posten igjen noko, dersom me kan seie opp nokre samband, eller få betre avtalar på teljarsteg og linjeleige. Det er også rimeleg å tru at ein kan kutte kostnadar ved å fase ut telefonsentralen, men dette igjen kan gje auka kostnadar til mobiltelefon, så dette er vanskeleg å føresjå no. Det vil vera eit stort prosjekt å fase ut bordtelefonane, og t.d. gå over til IP-telefoni («softphone») og/ eller mobiltelefonar, og dette må inn i porteføljen av digitaliseringstiltak.»