Programmet for det etterkvart så årvisse «Folk i sentrum» arrangementet er klart. Det er Stord kommune, saman med næringsliv, friviljuge lag og organisasjonar som arrangerer og målet er å fremja helse trivsel og felleskap.
2023-versjonen vert sett i gang neste onsdag – den 7. – med gatefotballcup på Ås og vert avslutta sundag 11. juni med allsong i parken klokka 16 og opent møte om kvinnehelse på Peppes klokka 18.
I mellomtida er det eit særs omfattande program som du i sitt heilskap kan lesa gjennom her!