Medaljeseremonien eitt av mange høgdepunkt

Frå medaljeseremonien andre prinsedag. (Foto: Steinar Hystad)

For dei rundt 4000 som var med på handballfestival nummer 32 på og kring sportssenteret på Vikhaugane i pinsehelga, avløyste det eine høgdepunktet det andre og tredje – og truleg også fjerde og femte.  Mellom dei store høgdepunkta er, naturlegvis, dei tre kampane alle 462 påmelde lag er garanterte å spela. Festivaltoget til Torget laurdag samle mykje folk, og det same gjord den avsluttande stormønstringa og medaljeseremonien i Storehallen 2. pinsedag. Ein stemning som berre kan skapast av nøgde born og ungdomar,  og eit entusiastisk publikum på over 1000 på tribunen. Pluss speaker Runar Øvrebø i dansande storform. Ein kan bli rørt av mindre.

Også massiv nedbør ut på laurdagen vart takla rutinert av den  gode  arrangørar.  På få straksar vart  stadion  sitt naturgras, skifta ut med kunstgraset på Langeland – og alle oppsette kampar kunne spelast.

Eit klart ja, er svaret frå festivalleiar Bjørn Lindgård, på spørsmål om han han er nøgd og om ting har gått greitt også på denne Handballfestivalen.

– Deltakarane skal ha ros, det same skal den  svært positive gjengen som stiller til dugnad på alle område. Det er ei berre ei glede å jobba saman med  slike ja-personar, avsluttar Lindgård.