Ordføraren vil har Fitjar-stopp for snøggbåten

Som prov på kor nær Fitjar sentrum snøggbåten stundom er, ligg dette biletet teke frå ordførarkontoret i Rådhuset, 13. februar i år.

Skyss og Vestland fylkeskommune har bede kommunane koma med innspel til arbeidet med å peika ut hovudlinene i kollektivnettet i fylket.

Ordførar Harald Rydland i Fitjar nyttar igjen høvet til å be om at også nordenden av Stordøy får stopp av snøggbåtruta. Han skriv:

– Fitjar kommune vil gje innspel på det som gjeld snøggbåtruter mellom Sunnhordland og Bergen. Dette er eit viktig reisetilbod mellom regionen og byen, men ruta er og eit viktig internt samband for ytre Sunnhordland. Dei siste åra har ikkje snøggbåtane hatt stopp i Fitjar sentrum. No meiner me det er på høg tid å få dette på plass att. Det er mange ulike grupper som spør etter, og vil kunna nytta seg av eit slikt tilbod. Me kan her nemna:

◦ Elevar på fylkeskommunen sine vidaregåande skular i Rubbestadneset, Fitjar og Austevoll.
◦ Arbeidsfolk og næringsdrivande
◦ Turistar
◦ Ordinære reisande til Flesland og Bergen

– Fitjar som stoppestad ligg lagelig til i forhold til leia som snøggbåtane nyttar. Den vesle avstikkaren innom kaien på Fitjar tek ikkje mykje ekstra tid. Frå kontoret mitt på Fitjar rådhus ser eg frå tid til anna at snøggbåtane tek turen gjennom indre leia forbi Fitjar. Då er den berre nokre hundre meter frå kaien. Dette hender i både godt og dårleg vêr. Ved nokre høve har eg følgt båten vidare på skipsradaren på internett og ser at den er i rute på dei neste stoppestadane likevel. Difor skulle det ikkje få negative verknader for andre stoppestader om Fitjar vert inkludert i ruta. På bakgrunn av det som me har teke opp vil me be om at Fitjar vert teke med i hovudlinjenettet for snøggbåtrutene.