Naturfotograf hos pensjonistlaget

Naturfotograf Sigve Solheim, kjem til pensjonistforbundet sin sommarfest.

Kvinnheringen Sigve Solheim har tatt eineståande bilete av ville fuglar og dyr. For dette er han m.a. blitt premiert fleire gonger i Norsk Selskap For Fotografi. I fjor hadde han ei vellukka fotoutstilling saman med Atle Helland på Halsnøy Kloster.

Solheim har utvikla eit sterkt engasjement for å ta vare på naturen og gir uttrykk for dette gjennom kåseri, der dei vakre og dramatiske bileta er sentrale. Han er ein ettertrakta formidlar og ein mykje nytta turleiar, konferansier, songar og musikar.

– Torsdag 1. juni tar han oss med «Tett på naturen» på Pensjonistforbundet Stord sin sommarfest på Stord Hotell, fortel leiar Tove Dypå Lunde. – Det heile startar klokka 17.00 og me reknar med å halde på til klokka 1930. I tillegg til Solheim sitt foredrag blir det allsong og musikk-quiz med Stovegubbane. – Men ein lyt vera om seg, seier Dypå Lunde. – Det er framleis nokre få ledige plassar, så om du vil vera med må du melde frå til Jorunn på 416 37 782,

Det vert servert snittar, kake og kaffi og prisen er kr 200,- per person.