Måndag 11. september skal det veljast mannskap til kommunestyra og fylkestinga i landet vårt. Same dag skal det veljast medlemer til sokneråda og det kyrkjelege fellesrådet. Kyrkjeval, som det heiter. I valreglane (Lovdata § 10-1) står det at «Kirkevalget skal holdest i lokaler i umiddelbar nærhet til valg til fylkesting og kommunestyre». I den samanheng har Stord kyrkjekontor kunngjort at kyrkjevalet skal skje på dessse stader:
Sagvåg krins: Nysæter Ungdomsskule
Leirvik og Langeland krins: Kulturhuset (nede i gangen)
Rommetveit og Hystad krins: Prestegardsskogen fleirbrukshall (i eit rom der slik at me har samme hovuddør som kommunevalget)
Huglo krins: Huglo bedehuskapell