Gløymde, eller ?

Vart ståande att etter maratonløpet. (Foto: Steinar Hystad)

I samband med  maratonen med start og mål i Borggata tidlegare i månaden, vart det sett ut nokre kraftige betongblokker som «anker» for eitkvart. Nokre veker etter at alle deltakarane kom vel i mål etter langløpet,  er  den tunge betongfirkantane  framleis å sjå i gata.  Det er det mange som undrar seg over og spør:

– Er blokkene gløymde, eller skal dei vera ein del av den fint pynta pagoden i bakgrunnen?

Torsdag var den eine blokka komen i ei slags vippeposisjon og det vart  av forbipasserande  uttrykt redsle for velt.  Lastebil med kran vart brukte til utsetting av betongen, same transportmiddel trengst nok for å få dei flytta vekk.  Det kan godt gjerast i dag, til helga kjem det tusenvis unge handballspelarar på besøk  til Leirvik sentrum.