Etterlyser igjen offentleg toalett i sentrum

I samband med arrangementet «Folk i sentrum» blir dette eit festivalområde – utan offentleg totalett?

Før han kjem til spørsmåla, dreg Geir Angeltveit (V) heile den lange soga om drøftingar, vedtak og meir drøftingar om etablering av offentlege toalett i Leirvik sentrum. Moglege løysingar har vore skisserte i fleire år, utan det så langt har kome til gjennombrot og sentrale døgnopne toalettdører til hjelp for trengande. 

Ein gong var det nesten gjennombrot for ønskje om offentleg toalettordning i det som var tenkt som bussterminal i nordenden av Grand-bygget, der Sandras Grill held til. Det har også vore snakk om samlokalisering med drosjesentral, eller å skaffa heilautomatiske offentlege toalett, går det fram av innleiinga i  Angeltveit sin interpellasjon. Til slutt spør han rådmannen konkret:

– Korleis enda samtalane med drosjenæringa?

– Fekk ein vurdert innkjøp av heilautomatiske offentleg toalett?

– Kan kommunen mogeleg ha (i det aller minste) tilgjengeleg nokre festivaltoalett til å setta ut i helger/særskilde arrangement?