I planane for det nye hotellet som skal byggjast på Nattrutekaien, er det innbakt ny kai for snøggbåtane. Den kjem «utpå» gamlekaien, stikk 22 meter ut i hamnebassenget, og strekkjer seg fem meter lenger aust enn noverande bygningsmasse på tomten.
Kaien skal byggjast i ein kombinasjon med fylling og pelar. I desse dagar blir det drive bonitering og undersøking av stabilitet av botnen der kaien kjem.
Dato for byggjestart er førebels ikkje sett
– Men stein til fyllinga er klar, den ligg lagra på Heiane Vest og i Brotåsen, seier Kurt Arne Tyse i Fronta-gruppen til stordront.no.