Når det stundar til sommartid og kanskje varme dagar, blir det pynta med fargerike vekstar i blomekassane på ferjekaien på Nordhuglo. Bak det oppkvikkande og rosverdige tiltaket står aktive medlemer i Huglo bygdekvinnelag. Blomane gjev ei fin ramme til dei robuste bord og benker som står til fri bruk til ei kvar ventetid på kaien. Bygdekvinnelaget har også ei viktig serveringsrolle når det 2. juli blir invitert til Hugladag kring ferjestøet.