Tidsbilete frå 1950

Måleriet frå 1950 – slik det heng på ein gangvegg på Stord sjukeheim. (Foto: Steinar Hystad)

M/S «Sunnhordland» starta opp i  ruta mellom Bergen og Skånevik med melllomstader i 1948. Den gongen som nyombygt  frå krigsfarty til moderne  fjordabåt, og held fram i ruta til 21. juni 1973.  Då overtok kvikkare båtar  passasjerfrakta og godset flytta seg over til bil og ferjer.

Eit godt tidsbilete på det som var viktigaste farkosten i samhandling «by og land»  heng på ein gangvegg  på Stord  sjukeheim.   Eit måleri som viser  innsegling til Leirvik slik det var i 1950, der «Sunnhordland»  passerer  Skotteflui lykt. Den var «innhenta» då moloen kom på 1960-talet.

Leirvik mekaniske verkstad var på plass, men elles var det lite utbygt  i ytre luten av Skotaberg-sida.

Maleriet er  signert  K.K.  Kven det er, hadde vore gildt å få greie på – så send nokre ord til tips@stordront.no