I byggjeperioden for nytt hotell på Nattrutekaien, meiner rådmannen beste løysinga er å flytta snøggbåttrafikken «over baien» til Skotabergkaien. Ambulansebåten «Rosedoktoren» får ny mellombels lendingsplass på austsida av Skotabergkaien, mot småbåthamna. Dette kjem fram i ei innstilling til Utval for plan og utvikling, som skal drøfta saka torsdag i neste veke.
Slik lyd framlegget til vedtak i saka:
«Utval for plan og utvikling vedtek at mellombels anløpstad for hurtigbåtar til/frå Leirvik skal vera Skotabergkaien. Mellombels anløpstad er skal vera i funksjon i perioden ordinær anløpstad på Nattrutekaien må vera stengt grunna utbyggingsarbeid med nytt hotell og kaifront i samsvar med gjeldande reguleringsplan for Nattrutekaien, gnr/bnr 27/801 m fl, PlanID 201901.
Etablert brygge til Stord seilforening på Skotabergkaien kan bli liggjande under driftsperioden som mellombels anløpstad, men all bruk av bryggja si austside må opphøyra og uteliggjarar/flåte på denne sida må fjernast.
Dersom det viser seg under driftsperioden at det vert utfordrande å ha både ambulansebåt, hurtigbåtar og Seilforeninga si brygge på Skotabergkaien samstundes, skal saka vurderast på ny av Utval for plan og utvikling. Utvalet ber om at dei økonomiske konsekvensane ved etablering og bruk av Skotabergkaien som mellombels anløpsstad for hurtigbåtar vert del av forhandlingane mellom Stord kommune og utbyggjar av Nattrutekaien.
Det vert forventa at utbyggjar utfører arbeidet og tek kostnadene ved oppretting av mellombels anløpstad for hurtigbåtar»
I saksframstillinga er det ikkje nemnt noko særskilt om trafikale tilhøve på landsida.