Hyggjeleg pengemelding i kommunestyret

Kommunestyret fekk godt nytt om sparte pengar. (Foto: Steinar Hystad)

Når dei folkevalde snakkar om pengar i kommunestyremøta, er det oftast snakk om for lite midlar og harde  prioriteringar. Og i slike saker er ikkje alltid semja den største. Hyggjeleg då å kunna gjera samrøystes vedtak i politisk sak (PS) 17/23, i møtet 11. mai. Me saksar frå møteboka:

«Byggerekneskap for investeringsprosjektet Kjøtteinsvegen avløpsgrøft.

Vedtak: Kommunestyret godkjenner byggjerekneskap for investeringsprosjekt Kjøtteinsvegen avløpsgrøft slik det ligg føre. Rekneskapen syner budsjettert ramme på 2,8 mill. kr og samla kostnadar på om lag 1,4 mill. kr, noko som gjev eit mindreforbruk i høve budsjett på om lag 1,4 mill. kr. Unytta ramme reduserer opptak av lån»