Fronta-gruppa fekk ja til riving, men nei til nybygg då det vart søkt om vidare framdrift kring det salryggja og tilårskomne lagerbygget ved Vikastemmo/Vabakkjen. I mellomtida har yrkesskulebygget på haugen rett bak blitt rive og tomta der klargjort for nybygg.
I kommunen si grunngjeving for avslag på nytt forretningsbygg, vert det vist til diverse uavklarte tilhøve nettopp mot skuletomta. I klageskriv frå Fronta vert det peika på at fylkeskommunen har hatt planane deira til uttale, utan å koma med merknader. Såleis skulle det ikkje vera noko til hinder for nybygg, og difor blir det bede om at søknaden får ny behandling.