Gav minne om tåkelurtida

Stordront tippar det var denne slepebåten som sette i gang tåkeluren, for å tipsa annan maritim trafikk. Her er sleparen nett komen ut av tåkehavet. (Foto: Steinar Hystad)

Stordbuar  i pensjonsalder, pluss minus, og iser dei med adresse kring Leirvik,  fekk søndag morgon ei nostalgisk oppattfrisking av  lyden luren på  Fyrøya sende frå seg når  utsynet forsvann i tåkedisen.  Dette var  i åtte- ni-tida, då tåkegrauten var på det tjukkast.  Sikten i Langenuen og Bømlafjorden var sperra av havtåka som sei inn fjordane  seint laurdag kveld.  Kom ein litt i høgda kunne ein sjå ned på det  tåkefulle landet, for der oppe skein morgonsola.

Tåkeluren som slapp frå seg  buuuu-ing  med jamne mellomrom, tippar me  var stasjonert om bord i ein slepebåt på veg nordover.  Kraftpluggen gav melding om at det var farty i fart inne i tåkeland. Det var same lyden som var å høyra i området  då  fyrvaktaren starta opp luren på Fyrøya.