Grunnar til både å filosofera og konstatera ved studie av dette menyoppslaget i kiosken om bord i ei av ferjene som trafikkerer Bjørnefjorden og Selbjørnsfjorden. Filosofering kjem til hjelp når ein les at prisen på det ein får i flaska eller glaset, når ein kjøpet mat med drikke i prisen, ymsar etter kva meny ein veljer. Kvifor er det slik, når brus plar vera – brus, og vatn er vatn?
Konstateringa kjem til hjelp når oppslag fortel at wienerpølsedrikka kostar 37 kroner, grillpølsedrikka kostar 32 kroner, ostepølsemedbacondrikka kosta 30 kroner, ostepølsgrovogstordrikka kostar 24 kroner. Medan pizzaslaisdrikka kjem på 41 kroner.