Solskin over salutt og morgontog

(Foto: Steinar Hystad)

– Gratulera med dagen, og ikkje minst med vèret, helsa Magne Rommetveit, musikklag og manskor, speidarar  og nokre handfuller  av andre frammøtte til morgonseremonien  i Nordre Kaisving på nasjonaldagen.  Då var det sol over byen, seinare på dag kom det både litt nedbør og mykje sur vind.

Etter mange, mang år med  flagheising og salutt kl 0700, prøvde ein dette året med starta kl 08.00, utan at det slo ut på auka tilstrøyming av bunads- og dresskledde. Men «den harde kjerne» var til stades. Frå kaien gjekk morgontoget si faste rute til sjuehuset for song og musikk der.