Borgartoget gjennom Leirvik mot Parken på ettermiddagen 17. mai er ei stor(d)arta og imponerande mønstring av kultur- o gmusikkliv i kommunen vår. Ei fargerik mønstring, må det leggjast til , og nokre lag og organiasjonar hadde tydeleg lagt litt ekstra i deltakinga denne gongen. Som gode døme viser me til troppen av dansarar under fana frå Internasjonal Kulturklubb (IKK) og gjengen frå IL trott som markerte klubbstøtte med store supporterflagg.
Langs ruta mykje festkledde stordabuar som fekk dei gode innslag med seg. Den tradisjonen bør ikkje rørast.