Hipp hurra for Sæ og Ås toget

Lange barnehagetog med musikk-korpset om lag på midten. (Foto: Steinar Hystad)

Ås Barnehage og Læringsverkstedet Sæ Barnehage, held godt på sin gode 16.mai-tradisjon – som går på å gå i samla tropp runden frå gamle Åsbanen ned til Torget for allsong av «Ja, vi elsker dette landet». I år eit langt tog av vaiande norske flagg til marsjtonar frå eige korps. Markeringa av tilstundande nasjonaldag var godt førebudd rundt på avdelingane i barnehagane,  her var nemleg mykje fin hovudpynt å sjå  i raudt, kvitt og blått.  

I nedre del av Sævegen og innover mot Torget vart det mange heieropa å motta frå føresette, bester og bestar. Eit  særs hyggeleg innslag i bybiletet dagen før DAGEN. Så, hipp hipp hurra for Sæ og Ås toget.