I mai/juni slår vi langs fylkesvegane i Vestland for å gjere det tryggare å ferdast. Vis omsyn og pass på at private gjerde ikkje hindrar jobben!
Hindrar både slått og grøfterensk
Om gjerde står for tett på fylkesvegen blir det vanskeleg med både kantslått, grøfterensk og rydding.
– Vi ber om at grunneigarar ser til at gjerda er i skikkeleg stand og står tre meter frå kvit kanstripe, så skal vi gjere både sikt og vegar betre! seier Eivind Yttri, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Vestland fylkeskommune.
Dårlege gjerde, reiskap som ligg att og gjerde som er for tett på vegen hindrar jobben og gjer at vegustyr blir øydelagt. Piggtråd er forbode av omsyn til både dyrevelferd og til gåande og syklande langs vegen som kan skade seg.
Tek vare på både blomar og insekt
Kantslått er også viktig for å hindre spreiing av uønska artar langs vegane, som hagelupin, kjempebjørnekjeks og kjempespringfrø. Men det blir også slått i ulike periodar tidleg og seint på sommaren for å gje gode tilhøve for artar vi ynskjer å ta vare på.
Fylkeskommunen er opptatt av biologisk mangfald, og kartlegg artsrike område langs fylkesvegane. Nokre vegkantar har difor eigne skjøtselsplanar slik at artsmangfaldet blir tatt vare på, med både blomar og insekt som trivst her.
– No ynskjer vi at gjerde som er øydelagde eller ikkje i bruk blir fjerna, og at tråd og netting blir stramma, seier Yttri. – Og så ber vi om at vegfarande tek omsyn og unngår farlege situasjonar i trafikken når slåtten skjer, vi takkar for tolmodet!
Kantslåtten skjer i perioden 20. mai til 30. juni, og andre kantslått startar 1. august.
(Denne saka er saksa i sin heilskap frå Vestland fylkeskommune sine heimesider)