Fargeglede heilt etter kalenderen

Japanske kirsebærtre i full blom – er eit sikkert syttandemaiteikn. (Foto: Steinar Hystad)

– Blir det bær på dei mange japanske kirsebærtre som i desse dagar fargepyntar i hagar og langs allèar? Dette er eit av dei vanlege spørsmål kring  den mørkerosa fargeprakta avla fram i «soloppgangens land».  Svaret er at det kjem eit slags bær til slutt, men dei er ikkje etande.  Så  her er det synet av noko vakkert som skal nytast – så lenge det varer. Eit par veker kanskje. 

Også i år kan me notera i almanakken at  dei japanske kirsebærtrea stod i sin vakraste skurd til 17. mai. Det er heilt etter kalenderen i Noreg, i Japan er det max kirsebærbløming i  slutten av mars/byrjinga på april.