Dei som no legg trim- eller spaserturen langs Ådlandsvassdraget, bør ta ein studie av dei brattaste bergnabbane før og etter brua i Trongaste og nabbane mellom Stuvikjo og Grønavikjo. Der er det gjort mykje godt sikringsarbeid siste vekene. Med fjellreinsk og oppheng av netting, med bolting og med spesielle rashindrande tre-vegger.
Etter at geolog la fram rapport om usikra punkt og fare for ras, tok kommunen straks affære. Gangvegen vart strengt på utsette stader og spesialfirma innan fjellsikring vart engasjert til oppdraga. Fredag 12. mai var arbeida ferdig utført, opplyser vegmynde i Stord, Anne Randi Naurstad.
– Byr kommunebudsjettet på eigne midlar til denne type straksoppdrag?
– Ikkje direkte, skredsikringa av turvegen blir betalt av disponible vegmidlar.