Song og spelte våren inn…

Susande frisk avsluttng på Vårkonserten med innslag frå «Grease» . (Foto: Steinar Hystad)

Å syngja og spela jula «inn», er fast kvart einaste år. Etter å har vore tilhøyrar på konserten til musikklina ved Stord vidaregåande torsdag kveld, utvidar me kunsten «å syngja inn» til også å omfatta våren. Så var det også vårkonsert elevane inviterte til, og igjen vart det ei særs god musikkstund i amfiet på Saghaugane.  

Mange flotte røyster å lytta til, innan pop og innan den meir seriøse sjanger.  Mange flotte instrumental innslag å lytta til, på gitarar, flygel, fiolin og marimba – ikkje minst. Framført med stil og smil. Det same med  den avsluttande delen,  med alle på podiet og tre solide innslag  frå  musikalen «Grease», som muskklina hadde suksess med tidlegare i år.

Frå vårkonserten gjekk med ut i temperert vårluft – i nynnande vårstemning. 

Takk skal de ha, ungdomar.