– Gildt å få sjå tedno stupa, igjen

Makrellterna – tedno – observet i området Vikafle. (Foto: Shutterstock)

Makrellterne, er det offisielle namnet,  medan me på lokalmålet vårt seier kort og greitt – tedno.  Den kvikke vesle måkefugelen er  kjekk å studera på si evige jakt etter småfisk.  Heng liksom litt i lufta,  før han tek eit kjapt stup mot vassyta og snappar  med seg eit lite måltid.  Ei  årrekkje har det diverre vore lite og inga terne å sjå langs strendene vår, difor kjekt å høyra ein fugleglad stordabu fortelja om gilde opplevingar i randa av Vikafle.

–  Eg heldt på me noko arbeid i naustet, då eg vart observant på både lyden og rørslene til  makrelltedno.  Det var beint fram gildt å sjå denne fuglen stupa igjen, han har ikkje besøkt oss på mange år.  Får vona tedno er tilbake  på skikkeleg, seier tipsaren.

– Ja, legg han til: Denne veka kom også svala attende frå Syd’n og så merka eg meg ei linerle som på syltynne føter  trippa mellom  taredottar i flomålet. Ho dreiv nok matauke. Det var nytt for meg.