17 mai program for Stord kommune

Her kan du lesa deg opp på 17. mai programmet ved alle skular i Stord kommune, samt fellesarrangement i Sagvåg og på Leirvik. Eit mangfaldig program, så det er berre å finne fram finstasen og førebu seg på Nasjonaldagen.

FELLESARRANGEMENT LEIRVIK

  • 08.00 Salutt. Flaggheising ved støtta av Bård Haugland. Stord musikklag, Leirvik Mannskor og Speidarane deltek. Tale og nedlegging av krans på Bård Haugland og minnesmerket for Austri ved Magne Rommetveit. Morgontoget går gjennom Leirvik til Døso. Stord Musikklag, Leirvik Mannskor og Leirvik Speidargruppe går vidare til sjukehuset der SM og LM spelar og syng
  • 10.30 Tale og nedlegging av krans til minne om dei falne ved Stord Kyrkje ved Svein Arne Theodorsen
  • 11.00 Open kyrkje – Stord Kyrkje
  • 13.00 Gratis film i Kulturhuset – Agent Max
  • 15.00 Borgartoget stiller på Torget. Kvart lag stiller under sine faner/merker. Sjå oppstilling og kart bak i programmet.
  • 15.30 Toget startar (sjå rute bak i programmet) NB! Ingen køyretøy opp i Parken.
  • 16.00 Folkemøte i Parken. Jane Jünger held tale for dagen. Stord Musikklag spelar og Leirvik Mannskor syng. Talen i Parken vert avslutta med Ja vi elsker.
  • 17.00 Nasjonalfest i Frelsesarmeen. Servering av mat. Ordførar Gaute Epland held dagens ord.

LEIRVIK SKULE

  • 10.00 Elevane møter på skuleplassen
  • 10.15 Opning av dagen ved 7. trinn
  • 10.40 Barnetoget går fra skuleplassen.
  • Rute: Vikabrekko – Osen – Nattrutekaien – Kaisvingen – Borggata – Torget – Sæ – Vikabrekko – skuleplassen.
  • 11:30 Kafèen på skulen åpnar
  • 11.45 Framsyningar av elevar ved skulen. Etter framsyningane vert det leikar for store og små. Sal av is, pølser, brus, kaffi og kaker.
  • Kl. 14.00: Arrangementet er slutt.

HYSTAD SKULE

  • 08.00 Flaggheising
  • 08.50 Elevane møter på skulen og stiller opp på idrettsbanen. Appell v/elevar i 7. Klasse. Stord Skulekorps spelar
  • 09.30 Avgang med marsj ned til Stord Sjukehus, forbi legevakten og opp igjen Tysevegen og Håvåsen til Hystad skule.
  • 10.00 Kafeteria i gymnastikksalen og pølsesal ute v/Stord Skulekorps sitt støttelag. NB! Hugs mynt!
  • 10.30 Leikar for born på idrettsbanen. Vidar Sagen-Roland har ansvar for potetløp. Vinnarane av det beste innslaget i 17. maitoget ver kunngjort klokka 11.45. Det vert sal av is, brus og kaffi v/17. maikomitéen (her kan du bruke VIPPS)
  • 12.00 Arrangementet sluttar. Foreldrekontaktane stiller opp klassane på idrettsbanen og føl dei i toget. Foreldrekontaktane har ansvar for at faner, flagg og plakatar vert samla inn og plasserte tilbake utanfor Pål sitt kontor. NB! Foreldra har ansvar for barnet sitt når 17. maitoget kjem til Hystad skule.

HUGLO

  • 10.30 Flaggheising – Korpset spelar
  • 11.00 Gudsteneste,
  • 17. mai-tog
  • 17. mai-fest på skulen: Matøkt (ta med mat og drikke sjølv). Gratis brus til alle born. Leikar for små og store. Sal av is, kaker og kaffe

LANGELAND SKULE

  • 08:00 Flaggheising
  • 09:30 Frammøte ved skulen.
    Elevane stiller opp. Me syng nasjonalsongen vår.
    Appell for dagen ved elevar frå 7.-trinn.
    Toget i år går frå skulen via Eldøyvegen, Lauvdalen, Verftsvegen og attende til skulen.
    Kiosksal og buffé opnar etter at toget er gått.
    Me syng «Herlege Stordøy».
    Elevinnslag.
    Konsert ved Langeland skulekorps.
    Blomeoverrekking
    Me syng «Norge i rødt, kvitt og blått».
    Etter konserten vert det leikar og filmframsyning.
  • 13:00 Program ved skulen slutt.
  • Neste års 1. trinn inviterast med i toget under eiga fane (bak vaksenkorpset).
    Me oppmodar om å ikkje parkera bilane langs vegen der toget skal gå.
    Parkeringsplassane ved skulen er forbeholdt rørslehemma.
    Me ber dykk parkera på Heiane eller Vabakkjen.
    Betaling med vipps eller kontant
  • 17:30 17.mai-fest i Horneland bedehus. Tale ved Jens Thoresen.

ROMMETVEIT SKULE

  • 08.00 Flaggheising på Rommetveit skule
  • 11.00 Gudsteneste i Aulaen
    Tale ved prost Svein Arne Theodorsen
    Fredsdikt av elevar frå 5. trinn
    Nordbygdo 17. maikor og 5. trinn syng
    ”Gud signe Noregs land” og ”Herlege Stordøy”
  • 11.45 Barnetoget stiller opp i Borggarden
    Nordbygdo 17. maikor stiller opp i trappa og syng
    ”Gud signe Noregs land” og ”Herlege Stordøy”
  • 11.55 Appell ved representantar frå 7. trinn
    Alle syng to vers av «Ja, vi elsker dette landet»
    3 x 3 HURRA!
  • 12.10 Toget går- Ruta er den vanlege forbi Samhald og over Krokane
  • 12.55 Toget tilbake ved skuleplassen
  • 13.00 Leikar på skuleplassen
    Kafé i gymsalen
    Sal av pølser, brus og is ute på skuleplassen
  • 14.30 Arrangementet på skulen er ferdig

FELLES BARNETOG 17. MAI I LITLABØ- OG SAGVÅGSBYGDA

  • 08.00 Flaggheising v/Eldrebustadane i Buneset, Sagvåg skulekorps spelar.
  • 08.30 Frukost med andakt i Nysæter Kyrkje. Ta med pålegg, kyrka held brød og drikke.
  • 09.45 Toget stiller opp
  • 10.00 Toget går frå Sagvåg sentrum, via Buneset eldrebustader og forbi gamle Sagvåg skule.
  • 11.00 Toget stoppar ved kyrkja, korpset spelar «Ja vi elsker» og dagens tale v/minnestøtta. Krans vert lagt ned på minnestøtta.
  • 11.45 Arrangement ved skulane startar.

    Tidsmessig går det bra med fellestog for så å tilslutta seg tradisjonelle arrangement på dei tre skulane. Me oppmodar alle om ikkje å gå til skulane før dagens tale er ferdig.

SAGVÅG SKULE

  • 11.30 Arrangementet startar
  • Velkomen og helsing i gymsalen.
  • Kafèen opnar, leikane startar.
  • 12.00 Elevinnslag
    Appell v/Jonathan L, Hedda, Malin, Tuva og Emil frå 7 klasse.
    Kunngjering beste innslag i toget.
  • 12.45 Vinnarane av dei ulike konkurransane vert kunngjort.
  • 13.00 Leikane sluttar, arrangementet ved skulen sluttar.

LITLABØ SKULE

  • 11.30 Kafèen opnar
    Leikane startar
    Loddsal
  • 13.00 Underhaldning i gymsalen
    Loddtrekning i gymsalen
  • 14.00 Slutt

TJØDNALIO SKULE

  • 11.45 Arrangementet ved skulen startar
  • Kafèane opna
  • 12.00 Appell frå 7. trinnet
    Kunngjering av beste innslag i toget
    Korpset spelar og leikane startar
  • 14.00 Arrangementet sluttar
  • Me oppmodar foreldra til å stå saman med borna sine under appellen og musikkinnslag. Leikane startar etter innslaga.

    Kafeane tar betaling med VIPPS. Me oppmodar om at flest muleg brukar denne betalingsmåten. Om ein ikkje har VIPPS kan ein sjølvsagt bruka småpengar i kafeane.

    Det er plass til ca. 40 bilar ved skulen/barnehagen. Det er svært viktig at utrykkingskøyrety skal kunna passera, så det er kun høve til å parkera på oppmerka parkeringsplassar, og ikkje ved rundkjøringa og langs vegen