Satsar på «delvis digitalisert nærbutikk»

Dagleg leiar i Huglabutikken AS, Hege Elin A. Haukanes, meiner drifta skal styrkast med overgang til «delvis digitalisert butikk». (Foto: Steinar Hystad)

Med akklamasjon sa årsmøtet i  Huglabutikken AS ja til styret sitt forslag om å  arbeida for at  butikkdrifta skal delvis digitaliserast. Det betyr at kundar ikkje treng gjera sine innkjøp i den «vanlege» opningstida. Med tekniske installasjonar på plass, kan ein med bankkortet koma seg inn i butikken, plukka varer, skanna i  kassen, betala med same kortet  – om det er grytidleg morgon eller litt sein kveld. Det blir ikkje lagt opp til døgnope i første runde. «Den delvis digitaliserte butikken» vil vera kameraovervaka og ha bakvakt utanom vanleg opningstid.

– Det vil ta tid og naturlegvis også kosta ein del å leggja om, men også til denne investeringa er me lova god støtte frå Merkur-programmet.

Nærbutikkar drivne som her på Huglo og som alt har lagt om, kan fortelja om nøgde kundar og auka omsetnad. Kjekt at de har tru på tiltaket, sa styreleiar Per Egil Sæter til årsmøtet.

Trass tredobling av straumkostnadane i fjor, kunne det folkeeigde selskapet visa til driftsoverskot på 100.000 kroner.

Å vera styreleiare i folkeeigd nærbutikk, byr på mange oppgåver. her byr Per Egil Sæter på vaflar i den nye pergolaen ein fin sommarlaurdag. (Foto: Steinar Hystad)