Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor (SFLMK) får ofte meldingar om framande planter i kommunane. På Fitjar kommune sine heimesider går dei difor ut med generell informasjon til hageentusiastar, entreprenørar og bønder i Stord og Fitjar kommunar. Les saka under.
Framande eller svartelista artar etablerer seg lett på stader der dei ikkje høyrer naturleg heime. Spreiinga er hovudsakeleg knytt til menneskeleg aktivitet som flytting av jordmassar, hageavfall som vert dumpa eller andre aktivitetar som involverer planterestar og/eller flytting av jord.
Nokon av dei framande artane er uønskt i norsk natur. Dei fortrengjer dei stadeigne artane, og har eit stort spreiings-potensial. Det er difor viktig å handtera både planterestar og jordmassar som kan vera «infisert» med framande artar med omsyn til at dei kan skape store problem i seinare tid.
Å vise generell aktsemd er nemnt i både i naturmangfaldlova kapittel IV og i forskrift om framande organismar § 18.
Alle som flyttar jord eller hageavfall i Stord og Fitjar har eit ansvar for å hindre vidare spreiing. Det er difor viktig å gjere seg kjent med problemartane på Stord og Fitjar.
- Lær dykk kva arter som er eit problem
- Sørg for å ikkje flytte massar med slike plantar eller hageavfall
- Lever problemartar til miljøstasjonar, dei har metodar for å handtera slikt avfall
- Legg inn observasjonane i https://www.artsobservasjoner.no viss dykk finn problemartar for å få ei betre kartlegging av plassar med framande artar
- Meld ifrå til kommunen ved store førekomstar
SFLMK har ikkje ei eigen utegruppe som kan ta hand om eller fjerne problemartar, men me kan rådgje i spørsmål om handtering av dei.
Det er mogleg å søkja midlar for organisasjonar eller lag som ynskjer å fjerne problemartar via: https://www.miljodirektoratet.no/skjema/fremmede-organismer-tiltak
Sjå infoskriv om hagerømlingar som du bør vere ekstra varsam med: https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/miljo-og-klima/naturmangfold/framande-artar/
Har du spørsmål knytt til framande artar kan de kontakte SFLMK v/ Marlene Sørli.