Kan bli minibibliotek

Styrehuset frå fartyet «Bjørn» kan bli minibibliotek. (Foto: Steinar Hystad)

– Me håpar dette kan bli eit positivt tiltak for bygda, og for oss som er glade i å lesa. Ta eit bok, lever ei bok, blir prinsippet.

Dette skriv to oppsitjarar i Dåfjorden i ein original søknad om støtte, sendt Fitjar kommune.  Planen er å innreia eit  landsett skøytestyrehus til minibibliotek. Styrehuset, som står på privat grunn like nedom Dåfjorden bedehus,  må oppgraderast innvending med nytt golv, kledde vegger og bokhyller.

– Me som tek initiativ til dette samarbeider med grunneigar/styrehuseigar, Dåfjorden Velforening og «Liv og Lyst-prosjektet», vert det kunngjort i søknaden.