– Høge krav for å kome inn i arbeidslivet

Sunnhordland peikar seg ut som ein region med stor mangel på arbeidskraft. Det viser ei landsdekkande bedriftsundersøking som NAV legg fram i dag. NAV inviterer fleire arbeidsgivarar til samarbeid for å matche jobbsøkarar med krava i arbeidsmarknaden.

Tysdag 9. mai lanserer NAV resultata frå den mest omfattande undersøkinga av arbeidsmarknaden i Noreg. Verksemdene har svart på spørsmål om framtidsutsikter og rekrutteringsbehov.

Dei nasjonale tala viser at mangelen på arbeidskraft har gått kraftig ned frå i fjor. Dei siste ti åra er det likevel berre 2022 og 2019 som viste større mangel på arbeidskraft. I Sunnhordland har prosentdelen som ventar å auke talet på tilsette, gått ned frå 29 prosent i fjor til 9 prosent i år. Samstundes peikar regionen seg ut ved at prosentdelen som melder om rekrutteringsproblem, er nærmast uendra frå i fjor.

Samarbeid er nøkkelen
– I fjor var eit år med enorme forventningar og stor optimisme. Det er forståeleg at vi ser ein nedgang i år ut frå situasjonen i norsk og internasjonal økonomi. Likevel er Sunnhordland ein av regionane der flest verksemder framleis har eit stort rekrutteringsbehov. For oss er det viktig å ha gode relasjonar til arbeidsgjevarane for å finne gode løysingar saman, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

Han viser til at NAV kan støtte arbeidsgjevarar mellom anna med kvalifisering av aktuelle kandidatar, jobbspesialistar som følger opp både kandidaten og verksemdene, og rettleiing til verksemder som opplever at annonsane deira ikkje lenger gir like mange treff.

– Krava for å kome inn i arbeidslivet er høge, og saman med arbeidsgjevarane må me finne ein god balanse mellom krav og forventingar på den eine sida, og moglegheitene i arbeidsmarknaden på den andre, seier Lægreid.

Ein av fire vil omorganisere
NAV-undersøkinga viser at halvparten av verksemdene i Sunnhordland vil satse meir på kompetanseheving blant dei tilsette. Berre ein av fem seier dei vil styrke innovasjonen. Ei av fire verksemder i Sunnhordland melder om endringar i organisasjonen – den høgste delen i heile Vestland.

– Det er interessant å sjå kva tiltak verksemdene i Sunnhordland planlegg eller allereie gjennomfører, gitt situasjonen me står i. Arbeidsgjevarar som planlegg organisatoriske endringar kan få god hjelp frå NAV sitt Arbeidslivssenter, som har som formål å hindre fråfall frå arbeidslivet, seier Lægreid.

Presentasjon av lokale resultat
NAV region Sunnhordland legg fram dei lokale resultata frå bedriftsundersøkinga i dag, tysdag, i Stord kulturhus klokka 12.30.

Undersøkinga vart gjennomført i februar og mars i år, og i Sunnhordland har 104 verksemder svart. Dette svarar til 73 prosent av dei utvalde verksemdene. 

Arbeids- og velferdsdirektoratet la fram dei nasjonale resultata i Oslo tysdag føremiddag. Her var Håvard Kvarme frå Aker Solutions invitert til å fortelje om sitt samarbeid med NAV for å få tak i kvalifisert personell.  

– Me har eit godt samarbeid med NAV Stord som gjer at me kjenner oss trygge på å samarbeide for å finne deler av den kompetansen me ser me manglar. På fredag skal me teikne fast kontrakt med kandidat nummer sju som har gått i eit løp mot stillasfaget. Å ha eit fast samarbeid, og ein fast kontaktperson i NAV har vore viktig for oss, og gir oss også høve til å finne anna personell i samarbeid med NAV, seier Håvard Kvarme.   

Med seg på scena hadde han Vebjørn Bjørkås, jobbspesialist ved NAV Stord.