Fru og Herr Grågås med barneflokk på fem, symde roleg mellom småøyar i Stord kommune no i helga. Foreldra gjekk straks i verneposisjon, då dei oppdaga at passasjerar i næraste farkost tok fram mobilen for å foreviga synet. Dette som ei stadfesting på at slett ikkje alle grågjæser plogfyk langt mot nord for hekking. Nokre par er stasjonerte i området vårt, og ser ut til å vera godt nøgde med det.