35 verksemder bad om open Borggata

Første steg; stenging av Borggata ved Check Point Charlie. Det vart laga til ein snuplass, men ikkje stor nok til at vogntog kunne snu. Denne traileren måtte fint rygge ned att. (Foto: Tor Resser)

Eit minne frå  Leirvik og Borggata kring juletider 1980, er at det var på denne tida  Borggata vart stengt for gjennomkøyring. Skiljet mellom Nedre og Øvre Borggata, vart markerte med fysisk sperre ved Novo, like oppfor Frugårds-bygget.  Dette var før Kommunestyret vedtok å gjera nedre del av  hovudgata til permanent Gågate, market med brustein. Det skjedde mot slutten av 80-talet.  Ein del år var det høve til å køyra inn i gata frå begge side, men ein måtte snu ved «Checpoint Charlie», og køyra ut att same vegen.  Skiltet utfor barnekledebutikken til E. Engelsen sette forbod mot parkering på snuplassen øvst i nedre Borggata.

35 verksemder i gata protesterte mot gågateplanane i eige brev til Stord kommunestyre i september 1983. Nokre sitat frå brevet:

– Me er alle sterkt imot at gata skal stengjast for biltrafikk og verta rein gågate, slik rådmannen innstilte på til formannskapet.

Det minste me må ha er einvegskøyring, men helst tovegs i heile gata.

– Vert gata stengt ser me arbeidsplassane som truga . Me har i våre verksemder 310 tilsette.

–  Me godtek også gågate om laurdagen, noko som ser ut til å fungera bra. Men kan ikkje sjå trongen for gågate dei andre dagane i veka.

Til slutt i oppropet til politikarane:

-Leirvik sentrum har berre EI hovudgate. Skal den tena publikum med dei tenester gata har – må ho vera open.

Men det  sa fleirtalet i kommunestyret altså  nei til.